Skip to product information
1 of 1

Ingebjørg Bratland & Odd Nordstoga

Langt Heimafrå - Vinyl

Langt Heimafrå - Vinyl

Regular price 449,00 NOK
Regular price Sale price 449,00 NOK
Sale Sold out
Tax included.

For tre år sidan tikka det inn ein sjeldsynt sms fra Ingebjørg Bratland til Odd Nordstoga. «Hei Odd! Vil du eta lunch med meg på Thetatercaféen?» stod det. Lunch blei det, og i tillegg til maten la Ingebjørg ein idé ho hadde på bordet: «Om me ikke skulle gjera noko i lag att i 2023?»  

I 2013 gav me ut albumet «Heimafrå» og spelte 134 konsertar, i alt frå ungdomshus, kulturhus og grendehus, før me avslutta i operaen i Oslo. Det var debutalbumet til Ingebjørg. Odd derimot hadde mange album og turnéar bak seg. 2013 var eit langt, men morosamt år. Og vips var det 10 år sidan så no var det kanskje passande og gjera eit nytt album og ein ny turné.

«Heimafrå» var ei samling viser ifrå folkemusikktradisjonen begge er fostra opp i. Oppfylgjaren «Langt heimafrå» har litt av det same i seg. Men, som tittelen hintar om, er perspektivet endra. Framleis kling det av folkemusikken både i stemmene og i tradisjonstoffet. Men dette har fått selskap av nyskrevne låtar. Produksjonen er også støre, og losa i hamn av smått legendariske Kåre Chr. Vestrheim.

Det er eit priveligum å ta ein sideveg ein gong i blant. «Langt heimafrå» er ein slik sideveg for oss. Eit overskotsprosjekt, som me gler oss til å reise ut på vegen med. Og ikkje minst å få framføre denne musikken for folk over heile det langstrakte landet vårt.

Sporliste:

  1. Å, kjære mi Sigrid
  2. Rett fram på Karl Johan
  3. Heimlandsong
  4. Sud-Sauar-Jon
  5. Taxi
  6. Ingenting å vera redd for
  7. Lange linjer og store rom
  8. Anton
  9. I mine kåte ungdomsdagar
  10. The Evelyn Marie

Varenummer0602458515442

View full details